Etter tett og god dialog med Andrew i februar og mars har me signert han som tech lead og utviklar til Bergenskontoret. Solid teknisk bakgrunn frå Cipher Tech Solutions kombinert med innsikt i design og systemutvikling i seg sjølv gjer han til eit friskt bidrag til lauget.

Andrew bringer eit heilt unikt perspektiv på design og utvikling inn i ilder. Dobbel utdanning innan det mjuke og meir tekniske varmar mitt hjarte, særs med forståinga av cybersec i desse dager. Og til sist, Andrew er eit framifrå menneskje med eit verdisett som passar svært godt inn i ilder og me gler oss til han kjem til Bergen i mai.

Tor Gjøsæter, leiar utvikling og design

At han flytter til Noreg med familien har kode24 skrive ein liten sak om i inn/ut kategorien deira, les den her 👇

Tar med LHBT+-familien fra USA til Bergen: «Politisk klima en faktor»
36 år gamle Andrew Ziehl vil starte et nytt liv i Norge, og tar seg jobb hos ilder i Bergen.

Me er stadig på jakt etter flinke og gode folk. Om du eller nokon du kjenner er på jobbjakt eller undrar på korleis det er å bytte beite så send dei gjerne vår veg.

Me søkjer moglegvis deg
Ilder veks og treng folk - menneskjer - til å være med oss å byggje viktige, kule og spanande ting saman med kundane våre. Når me byggjer ting så likar me å setje saman ein tverrfagleg gjeng med ulike personlege eigenskapar. Me set saman små laug av ekspertar til å
Lenkja er kopiert!