Kort om kunden:

Bømlo Næringsråd tel om lag 200 medlemsbedrifter og er ei sterk interesseorganisasjon og støttespelar i næringsutviklingsprosjekt i Bømlo kommune, på den barske vestkysten av Noreg.

Utfordringa

Å halde nettsider oppdaterte med nyheiter og rett informasjon er tidkrevjande.

Med ansvar for fleire nettsider som deler noko av den same informasjonen, ønskte Bømlo Næringsråd ein betre måte å halde sidene levande på, utan for mange manuelle operasjonar.

Løysinga

Me bygde opp nettsidene til Bømlo Næringsråd med Headless CMS (Content Management System), som gjer det mogleg å:

  • skrive ei nyheit og velje kvar ho skal publiserast 💡
  • oppdatere informasjon om ei bedrift som er omtalt fleire stader 🏙
  • gjenbruke kartløysingar 🗺

Dette er eit godt døme på korleis gjennomtenkt datahandsaming kan automatisere tidkrevjande manuelle prosessar i arbeidskvardagen.

Customer profile user interface

1 database - 3 nettsider

I dag bruker næringsrådet databasen til å vedlikehalde tre ulike sider. Dette kan enkelt skalerast.

Alle sidene har sine eigne bodskap og formål, men noko av informasjonen er den same – brukt på nye måtar med tilpassa visuelle uttrykk:

Opplev Bømlo

Opplevbomlo.no er ei side som viser både lokale og tilreisande kva Bømlo har å tilby. Her finn du oversikt over opplevingar, overnattingstilbod, handel og turistbedrifter.

Alt dette er samla på eit oversiktskart som gjer det enkelt å finne fram, eller du kan sortere via kategoriar basert på kva du er interessert i.

👉 Opplev Bømlo

Customer profile user interface

Bømlo Næringsråd

På nettsida til Bømlo Næringsråd finn du informasjon om organisasjonen, arbeidet dei gjer, medlemsbedrifter, hendingar og nyhende.

👉 Nyhende i Bømlo Næringsråd

Customer profile user interface

Rubbestadneset

Rubbestadneset.no er ei samleside med fleire undersider:

  • Onestopshop
  • Industriklynga NMEC
  • Om Rubbestadneset

Desse sidene brukar nokre av dei same nyhendene og bedriftene som er publisert på bomlonr.no. For “onestopshop” har me òg laga eit eige hamnekart som viser lokasjonane til dei ulike medlemsbedriftene, i tillegg til djupner ved kai.

“Om Rubbestadneset” nyttar kartet frå opplevbomlo.no, men med eit relevant utsnitt for området som skal visast.

👉 Velkomen til Rubbestadneset!

Customer profile user interface

Tilbakemelding fra kunde

Å ha éin database for oppdatering av informasjon, som kan visast fram til ulike målgrupper på ulike nettstader, gjev store tidsbesparingar på vedlikehald av data, men ikkje minst moglegheita av å spisse bodskapen på ulike nettsider retta mot ulike målgrupper

Nina Ingvaldsen, daglig leier i Bømlo Næringsråd.

Ønskjer du hjelp til å byggje opp ein brukervenleg database? Kontakt oss!

Lenkja er kopiert!