Kort om kunden:
Museum Nord består av 21 museum i Nordland og forvaltar ein rik kulturarv gjennom kunst, aktivitetar og arkitektur. Verksemda ønskte ei ny, moderne bookingløysing for å møte utfordringane med ein aldrande teknologisk infrastruktur.
Utfordringa
Museum Nord brukte ei gruppebookingløysing frå 1998 bygd i Microsoft Access. Systemet var utdatert og ein var uroa for kor lenge løysinga ville fungere.
Å finne ei hyllevare som kunne vidareføre den eksisterande funksjonaliteten viste seg å vere krevjande, og her kom Ilder inn i bilete.
Løysinga
Ilder utviklar ei moderne, nettbasert bookingløysing for Museum Nord som:
- Gjer det mogleg å registrere og administrere gruppebookingar med detaljert informasjon som antall, dato, ankomst, aktivitetar og eventuelle allergiar.
- Tillet rapportering av besøksstatistikk og andre nøkkeltal for intern og ekstern bruk.
- Effektiviserer ressursplanlegging ved å gi oversikt over daglege aktivitetar og tildeling av tilsette.
Den nye løysinga effektiviserer oppgåver frå booking til planlegging, og gir dei tilsette meir tid til å fokusere på det viktigaste – å skape gode opplevingar for besøkande.
Systemet er bygd med ein skalerbar struktur som legg grunnlaget for vidare utvikling. Dette gir Museum Nord fleksibilitet til å utvide funksjonaliteten og betre arbeidsflyten etter kvart som behova endrar seg.
Besøk Museum Nord på nett her: