Kort om kunden:
Eviny Mobil Energi er ein leiande leverandør av batteri- og ladeløysingar for utsleppsfrie bygg- og anleggsplassar.
Utfordringa
Energiforsyning til utsleppsfrie byggje- og anleggsplassar blir raskt komplekst med avgrensa tilgang på effekt og eit stadig større behov for å støtte elektriske anleggsmaskiner.
Eviny Mobil Energi leverer komplett elektrisk infrastruktur til anleggsplassar, men det er ikkje nok. Dei treng òg oversikt over statusen på utstyret, korleis det er kopla saman, og varsling dersom noko går gale.
Løysing: Powersite
Powersite er ei digital energiplattform som gir Eviny Mobil Energi og kundane deira full kontroll over utstyret – som eit operasjonelt verktøy og for planlegging og rapportering.
Ilder består av en framoverlent gjeng som er svært kompetente, og bryr seg virkelig om å finne gode løsninger på våre problemstillinger.
Eyvind Bohne-Kjersem
Daglig leder | Eviny Mobil Energi
Med Powersite har Eviny Mobil Energi full oversikt over utstyrsparken sin, medan kundane kan sjå kva for utstyr dei leiger.
- Salgsavdelinga kan reservere utstyr til kundar og allokere det til prosjekt etter at kontrakten er signert. Powersite er integrert med Eviny sitt CRM-system, slik at kunde-, kontrakt- og prosjektdata blir henta automatisk. Dette eliminerer behovet for manuell oppdatering i fleire system.
- Driftspersonell har tilgang til sanntidsdata om utstyret, inkludert varsling på e-post og SMS ved feil. Visuelle grafar gjer feilsøking enklare, og ei omfattande logg registrerer alle viktige hendingar.
- Kundar kan logge inn for å sjå sine prosjekt og tilhøyrande utstyr. Snart kan dei òg legge til eige utstyr og kombinere dette med Eviny sitt – alt i éi applikasjon.

Powersite gir sanntidsdata og moglegheit til å generere detaljerte rapportar over forbruket til eit prosjekt. Rapportane kan eksporterast som Excel- eller CSV-filer for vidare bruk i eigne system.
Støtta utstyr i Powersite i dag:
- Batteri
- Hurtigladarar
- Normalladarar
- Strømskap
- Strømmålarar
Det har vært utrolig spennende å få jobbe med Eviny på dette prosjektet. Resultatet er en oversiktelig og brukervennlig løsning på en kompleks og sammensatt utfordring
- Knut Marius Sundt, Ilder sin Tech Lead for prosjektet.
Løysing: Effektkalkulator
Før kundane får tilgang til Powersite, bruker dei Effektkalkulatoren – eit verktøy som hjelper med å forstå og planlegge energibehovet på byggjeplassen.

Med Effektkalkulatoren kan brukaren:
- Legge inn planlagt utstyr, inkludert elektriske gravemaskiner, lastebilar og kraner.
- Få eit klart bilete av effektbehovet for prosjektet sitt.
Manglande tilgang på nok straum og ladeinfrastruktur er ein av dei største barrierane for å elektrifisere byggjeplassar. Med Effektkalkulatoren kan Eviny tilpasse infrastrukturen til behovet utan unødvendige utbyggingar av straumnettet – noko som sparar både tid og pengar.

Nytenking og innovasjon
Ilder har bidrege med nytenking og innovasjon til Mobil Energi-prosjektet.
Ilder består av en fremoverlent gjeng som tar utfordringer på strak arm. De er svært kompetente, og bryr seg virkelig om å finne gode løsninger på våre problemstillinger
- Bohne-Kjersem i Mobil Energi
Han legg til:
Vi ser at de legger ned svært mye stolthet i jobben, og er genuint opptatt av at løsningene skal fungere optimalt både for oss og kundene våre. Det setter vi pris på.
Han oppsummerer:
Vi er svært fornøyde med løsningen som Ilder har levert – fra Effektkalkulatoren til Powersite. Det har gjort hverdagen vår mye enklere. Ilder finner gode løsninger og strukturerer data på innovative måter. Dette hjelper oss også med miljørapportering.
