Kort om kunden:

Fonn vart grunnlagt i 2016 som eit svar på ein av byggebransjens største utfordringar: omarbeid. Ideen kom etter at CEO-en fekk badet sitt pussa opp tre gonger fordi entreprenørane brukte feil teikningar. Dette skapte lidenskapen for å utvikle ei brukarvennleg applikasjon som sikrar at alle aktørar har tilgang til oppdatert informasjon – og som bidrar til å unngå slike scenario i framtida.

Utfordringa

Fonn ønska å utvikle ei brukarvenleg plattform for prosjektstyring som kunne effektivisere samarbeidet mellom ulike aktørar i byggeprosjekt. Løysinga måtte fungere både på nettlesar og mobil, med enkel tilgang til dokument, teikningar og oppdateringar – uansett kvar brukaren var.

Løysinga

Ilder arbeidde tett med Fonn frå oppstarten i 2016 og fram til 2021 for å utvikle Fonn Construction, eit prosjektstyringsverktøy som no er i bruk i små og store byggeprosjekt.

  • Brukarvennleg design: Plattformen legg til rette for enkel kommunikasjon, deling av dokument og vising av siste versjon av teikningar og ifc-filer.
  • Tilgjengelegheit: Alt er lagra i skya, slik at brukarar alltid har tilgang til oppdatert informasjon.
  • Effektiv prosjektstyring: Gjennom nettlesar eller mobilapp kan brukarar følgje og bidra til prosjektframdrifta.

Vårt bidrag

Ilder hadde ei nøkkelrolle i utviklingsfasen og bidrog med:

  • Teknisk leiing: Grunnlaget for ein solid teknologisk plattform vart lagt, og overgang til eksternt team vart smidig gjennomført.
  • Brukaroppleving: Optimalisering basert på tilbakemeldingar frå kundar.
  • Integrasjonar: Leiing av integrasjonar med tredjepartstenester.
  • Innovasjon: Leiing av ein Innovasjonskontrakt med Innovasjon Noreg for Fonn sitt dotterselskap, Marine Manager.

Gjennom tett samarbeid og målretta arbeid har Ilder bidrege til å posisjonere Fonn i ein kompleks og veksande marknad.

💬
llder har vært en uvurderlig partner, og har bidratt til å skape et solid og fleksibelt system med et enkelt brukergrensesnitt.
- Jan Tore Grindheim
CEO | Fonn AS

Høyr litt om korleis Fonn har blitt til på ein podcast om Jan Tore på Sunnhordlandspodden.

Jan Tore Grindheim – om Fonn AS, gode Investorer, Oppturer og Nedturer - SunnhordlandPodden
Me vil framsnakka Sunnhordland
Construction Project Management Software
Construction project management software designed by builders, for builders. Easy to use on-site and in the office for seamless collaboration.
Lenkja er kopiert!