Smarte kartløysingar

Digitale tvillingar og levande kart revolusjonerer korleis verksemder kan planleggje og operere.

Ein digital tvilling er ein virtuell kopi av eit fysisk system eller ein prosess, som gir moglegheit for sanntidsovervaking og analyse av data. Levande kart gir på si side ein visuell forståing av kvar og når operasjonar skjer. Kombinasjonen av desse teknologiane legg til rette for datadrevne avgjerder som kan optimalisere drifta.

Content image

Intelligente data - tilpassa dine behov

Smarte kartløysingar er relevante for alle bransjar og kan tilpassast med eit breitt spekter av data, alt etter kva behov du har.

Eit eksempel: reiarlag

For eksempel kan eit reiarlag sjå sine skip i 3D-visning for å få betre forståing av fartøy og omgivingar. Kartet blir laga etter behov og kan berikast med data og funksjonalitet som:

  • Motordata
  • Produksjonsdata
  • Ruteinformasjon
  • Vêr og bølgehøgde
  • Havdjupn og tidevatn
  • Utstyrslokasjonar (redningsutstyr, fiskeriutstyr, bøyer osb.)
  • Drone- eller ROV-integrasjonar
  • Perimetervarslingar

Rapportering og integrasjonar

Me tilbyr integrasjonar med eksisterande system som fakturering, varsling, dokumentasjon, ERP og meir. Dette sikrar at data kan brukast saumlaus mellom ulike plattformer.

Content image

Data frå kystverket til flåteoversikt

Ein kan enkelt bruke data fra Kystverket til å straume posisjonar til båter. Nedenfor kan du sjå eit enkelt kart som viser Skyss sine hurtigbåter i fart på det vakre Vestlandet.

Kart over områder

Kart kan også brukes til å vise omfanget av statiske objekter, som her vist som bygningar i hamneområde på Rubbestadneset.

inn med iframe her

Enda eit eksempel

Ocean24: Flåtekart

Som ein del av vårt samarbeid med Ocean24 utvikla me eit flåtekart ved hjelp av next.js, deck.gl, og Mapbox – alt hosta via Vercel. Løysinga gjer det mogleg å overvake flåten i sanntid og visualisere operasjonar med presisjon.

Ocean24: Flåtekart
Jamfør litt intern tooling og testing av next.js, og deck.gl og mapbox laga me dette kartet for ocean24. Sjekk det ut på EnergikartetVis kartet i full størrelse JTNDaWZyYW1lJTIwc3JjJTNEJTIyaHR0cHMlM0ElMkYlMkZvY2VhbjI0LnZlcmNlbC5hcHAlMkYlMjIlMjB3aWR0aCUzRCUyMjEwMCUyNSUyMiUyMGhlaWdodCUzRCUyMjYwMCUyMiUyMHN0eWxlJTNEJTIyYm9yZGVyJTNBJTIwbm9uZSUzQiUyMiUzRSUzQyUyRmlmcmFtZSUzRQ==Ocean24 For å lage denne løysinga nytta me ein stack basert på hosting via vercel, frontendrammeverk med litt serverless

Lenkja er kopiert!