Kort om kunden:

Lerøy Seafood Group er eit verdsleiande sjømatsselskap med røter tilbake til 1899. Hovudkontoret finn du i vene Bergen.

Om Prosjektet

Lerøy Seafood Group samarbeida med Ilder for å utvikle ei digital tvillingløysing som skal transformere oppdrettsnæringa. Prosjektet er ein del av Lerøy si satsing på berekraft og digitalisering, der målet er å effektivisere drifta og leggje til rette for vekst utan auka kostnader.

Gjennom bruk av smarte kart og Ilder sin kompetanse innan data- og IoT- visualiserer systemet viktige data, som djupnedata, produksjonsstatus og AIS-data frå fartøy, i sanntid. Dette legg til rette for betre innsikt i samanhengen mellom vekst, fôr, fiskehelse og miljø, frå rogn til slakt.

Prosjektet skal starte med vidareutvikling av ein prototype, bygging av ein robust skyleverandørarkitektur og kartlegging av brukargrupper sine behov. Målet er å skape eit fleksibelt og skalerbart system som også kan integrerast med Lerøy sine eksisterande system.

Samarbeidet legg grunnlaget for strategiske konkurransefortrinn og styrkar Lerøy sitt arbeid for å bli verdas leiande leverandør av berekraftig sjømat.

Lerøy Seafood
Lerøy Seafood Group er et verdensledende sjømatselskap med røtter tilbake til 1899. Hovedkontoret ligger i Bergen.
Lenkja er kopiert!