Kort om kunden:
Lyll vart skipa i 2021 med ein visjon: Å betjene travle marknadssførarar rundt om i verda med morgondagens løysing for annonsering i nettaviser og magasin.

Camilla Frydenbø
CEO | Lyll
Utfordringa
Korleis byggje ei digital løysing der bedrifter kan annonsere i nettaviser nasjonalt og internasjonalt – på under to minutt?
Vår løysing
Lyll tilbyr superenkel digital annonsering i nettaviser. Det er ei komplett digital teneste for å laste opp, tilpasse, publisere og administrere annonsar – når som helst, kor som helst.
Løysinga gjer det mogleg å annonsere i nettaviser både nasjonalt og internasjonalt på under to minutt, uavhengig av budsjett. Målet har vore å utvikle ei digital løysing som revolusjonerer nettavisannonsering.

Korleis var det løyst?
- Steg 1: Forprosjekt og prototyping
- Steg 2: Sammensetning av team
- Steg 3: Utvikling av versjon 1 av løsning
- Steg 4: Lansering av løsning
Steg 1: Forprosjekt og prototyping
Saman med gründerane i Lyll vart eit lite team av designarar og utviklarar sett saman for å definere kva utfordring som skulle løysast. Gjennom ein iterativ prosess vart minimum funksjonalitet for løysinga bestemt.
Resultatet vart ein klikkbar prototype som gründerane kunne teste på ulike kundar. Basert på tilbakemeldingar frå testkundar vart ein endeleg prototype utvikla, klar for steg 2: samansetting av utviklingsteamet.

Steg 2: Samansetting av tverrfaglig team
Gjennom forprosjektet vart rammene og ambisjonsnivået for versjon 1 av løysinga definert.
Eit fleksibelt, tverrfagleg team med brei erfaring og kompetanse vart sett saman, inkludert ein Tech Lead (backend) og ein designar frå Bergenskontoret, samt to frontend-utviklarar frå kontoret i Polen. Med ein definert prototype og eit team på plass kunne prosjektet gå inn i ei rask og effektiv utviklingsfase.

Steg 3: Utvikling av versjon 1 av løysing
I første fase ønska Lyll å kunne vise fram ei løysing raskt til investorane sine. Teamet fokuserte difor ressursane på utviklinga av webapplikasjonen (frontend).
Sidan teamet hadde ein ferdig klikkbar prototype som var kundetestet, kunne utviklinga starte raskt. Etter berre seks veker kunne Lyll presentere den første versjonen av løysinga for sine investorar. Deretter fokuserte teamet på backend-utvikling og tett samarbeid mellom frontend og backend for å utvikle ei fullverdig løysing.

Steg 4: Lansering av løysing
Frå den første kodelinja vart skriven, tok det under seks månader før dei første pilotkundane vart onboarda.
Basert på tilbakemeldingar frå pilotkundar samarbeidde utviklingsteamet i Ilder tett med produkteigar hos Lyll for å optimalisere kundeopplevinga fram mot lansering.
Resultatet vart ei brukartilpassa, sjølvbetent digital løysing som gjer det mogleg for små og store bedrifter å annonsere på over 100 norske nettaviser og nettsider.

Tilbakemelding fra kunde
"Vi valgte Ilder da vi hadde behov for fleksibel og tverrfaglig utvikler kompetanse i de ulike fasene av prosjektet, og Ilder kunne dekke alt fra design og UX til frontend og backend. Vi betalte da kun for det vi trengte, i tillegg til at de har erfarne folk som overleverte på våre forventinger."
Camilla Frydenbø, Daglig leder i Lyll
