Ilder veks og treng folk - menneskjer - til å være med oss å byggje viktige, kule og spanande ting saman med kundane våre.
Når me byggjer ting så likar me å setje saman ein tverrfagleg gjeng med ulike personlege eigenskapar. Me set saman små laug av ekspertar til å knuse problem og skape verdi. Ein designer og eit par teknologar. Nokon er konsulentar først, medan andre er teknologar først.
Det som er særs viktig i ei sånn gruppe er nå ein balanse av konsulentkraft. Nett no søkjer me å balansere den krafta hos ilder.

Kva du får hos oss:
Stor fridom: Tilpass arbeidshverdagen til livet ditt.
Lite friksjon: Me byggjer alt for fart, det gjeld tech og prosessar
Kreativitet: Delta i prosjektdesign frå dag éin, og påverke heile arbeidsprosessen.
Personleg utvikling: Eige budsjett du vel sjølv kva du vil nytte til (konferansar, kurs osb)
Godt mogleg du har smarthus. Ikkje utenkeleg at du har ein Nintendo64 i samlinga di. Du kan til-og-med be andre om å gjer ting, på ein slik måte at andre har lyst å gjere det du spør om. Du ynskjer å jobbe med meiningsfulle prosjekt.
Kven er du:
- Du kan kode (front-end eller back-end) og har ikkje skrekk for kommandolinja
- Du har trykka på dataen og skrive kode i profesjonell kapasitet i minst fem år
- Du kan engelsk, nynorsk, bokmål eller andre språk
- Du har bra utdanning, anten formell eller dannet på anna vis
- Du har vore i konsulentgamet, eller føler kallet mot denne sida
Så, teknologi:
I ilder så er nokon agnostiske til teknologi, medan andre er religiøse. Nokon ser på det som eit verktøy på vegen, medan andre ser vegen i verktøyet. Eg som skriv denne annonsa er begge deler, ofte etter dagsform. Men ein ting er heilt sikkert, me i ilder skal væra heilt framme med teknologi. Kun dei beste verktøya, rett og slett verktøyprimadonna.
Me limt saman med best of breed (tykkjer me, kanskje du vil utfordre oss her) teknologi. Me nyttar frittstaånde løysingar frå ulike leverandørar for å skape ein best mogleg utviklar/konsulent-oppleving. Det meiste er React, TypeScript og Golang i ein eller anna samansetning. Eg skriv til dømes rapportane mine i LateX🙀.
Kvifor skal nett du arbeide i ilder?
Du skal arbeide hos oss om du likar frihet og sjølvstende. Du kjem på jobb om morgonen ein gong, gjerne i Bergen, på Stord eller i Fauske, og går når du er ferdig med det du held på med. Fakturerar 7.5 timar til 1 til 3 prosjekt. Andre dager i veka tek du heimekontor når barnet skal på vanvittig fotballtrening 1545 eller noko slikt. Om du ser på YouTube om kveldane om verilog programmering, eller noko anna minst like snevert.
Kva skal ilder framover då? Kvifor skal eg bytte beite?
- Om nokon microstyrar deg der du er, så kom her.
- Om du vil arbeide i eit mellomstort konsulentfirma med ein grei miks av brune, kvite, blå og rosa sko.
- Om du vil være med å bestemme korleis du sjølv arbeider så kom til oss.
Me held også på å dikte ein rigg for bruk av AI i vår bransje. Men ikkje sånn AI.

Send ein CV til meg på tor@ilder.no. Om du har nokre velvalde ord du legg med CVen så gjer gjerne det.
Litt praktisk
- Arbeidstad er: Stord, Bergen, Fauske eller remote
- Personalhandboka på forrige nettsad (me er i ein flytteprosess). 👇
Til sist oppfordrar me alle til å søkje, sjølv om konsulentkrafta di er nærare 42 enn 70 og du kan sjå for deg ein kvardag saman med oss