Ei alt-i-eit-plattform for framtidsretta dataanalyse

Effektiv handtering av data er avgjerande for å halde seg konkurransedyktig. Med Microsoft Fabric får du ein heilskapleg plattform som kombinerer datainnsamling, lagring og analyse i éi løysing. Dette gjer det enklare å ta gode avgjerder basert på oppdaterte og pålitelege data – utan kompliserte oppsett.

Kva er Microsoft Fabric?

Microsoft Fabric er ei nyskapande Software-as-a-Service (SaaS)-plattform som gir verksemder ei komplett løysing for datahandtering. Frå dataflyt og sanntidsanalyse til forretningsinnsikt – alle komponentar er ferdig konfigurert og fungerer saumlaust saman.

Image

Komponentane i Microsoft Fabric

  • Data Factory: Effektiv tilkobling til over 200 datakjelder for enkel datainnsamling.
  • Data Engineering: Spark-basert behandling for omfattande datatransformasjon.
  • Data Warehouse: Skil mellom lagring og prosessering for fleksibel skalering. Data blir lagra i Delta Parquet-format.
  • Data Science: Utvikling og distribusjon av maskinlæringsmodellar med støtte for Azure ML.
  • Real-Time Analytics: Sanntidsinnsikt med ein kraftig analysemotor.
  • Power BI: Marknadsleiande plattform for forretningsanalyse og visualisering.
Image

Kvifor velje Microsoft Fabric?

  • Ferdig konfigurert: Kom raskt i gang.
  • Kostnadseffektivt: Samle alle dine datahandteringsbehov i éi plattform til ein fast månadspris.
  • Skalerbar: Tilpass løysinga etter dagens og framtidas behov.
  • Sentralt datasjømiljø: OneLake fungerer som “OneDrive” for data i verksemda di.
  • Granulær sikkerheit: OneSecurity gir presis tilgangskontroll heilt ned på cellenivå.
  • Fleksibel datatilgang: Bruk Shortcuts for å koble til eksterne datasett utan å flytte data.
  • Integrert AI-assistent: Med Microsoft Co-Pilot får du relevante svar og forslag direkte i plattforma, slik at du raskt kan analysere og ta avgjerder basert på data.
Image

Korleis kan me hjelpe deg?

Hos Ilder tilpassar me Microsoft Fabric til behova i di bedrift.

Oppstartspakke (kr 65 000):

  • Etablering av plattformkjerne.
  • Grunnleggjande datainnsamling fra prioriterte system.
  • Oppsett av Power BI-dashbord tilpassa dine behov.

Videre integrasjonar:

Saumlaus tilkobling av eksterne datasystemer, Dynamics 365, SharePoint m.m.

Drift og support:

Løpande oppfølging for å sikre optimal yting.

Image

Kom i gang med Microsoft Fabric i dag

Er du klar til å revolusjonere måten du jobbar med data? Me hjelper deg raskt og kostnadseffektivt.

Kontakt oss
Har du ei utfordring, ide eller eit enkelt spørsmål? Enten du treng hjelp med eit prosjekt, ønskjer ein prat om teknologi, eller berre vil sei hei: Ta direkte kontakt med ein av oss, stikk innom på ein kopp kaffi eller send e-post til: kontakt@ilder.no Jon Arild Jacobsen dagleg
Lenkja er kopiert!