Kort om kunden:
Norway Insight er eit reisebyrå med base i Bergen.
Utfordringa
Norway Insight ønska ei landingsside og tilhøyrande app for å hjelpe turistar med å finne opplevingar utanfor dei “vanlege” turistattraksjonane. Målet var å tilby ei brukarvennleg løysing som både inspirerer og gir tryggleik gjennom heile reiseopplevinga.
I tillegg ønska Norway Insight å integrere booking direkte på nettsida for å halde kundane lengst mogleg på sine eigne sider, utan bruk av eksterne bookingtenester.
Løysinga
Ilder utvikla både app, nettside og alt design for Norway Insight, med fokus på å gi brukarane ein sømlaus og trygg oppleving.
Nettstaden:
Nettstaden gir oversikt over ulike opplevingar, med moglegheit for direkte booking. I tillegg kan kundar kontakte Norway Insight for å få skreddarsydde opplevingar tilpassa eigne ønskjer.
For å møte ønske om integrert booking nytta me Bilberry Booking, ei løysing som sikrar ein effektiv og brukarvenleg bookingprosess direkte på nettstaden.

Appen:
Appen fungerer som ein reisekompanjong og gir:
- Tilgang til informasjon om opplevingar.
- Moglegheit for å legge til ekstra tenester undervegs.
- Ein trygg og enkel måte å halde oversikt gjennom heile reisa – frå bestilling til heimreise.