Kort om kunden:

Plug AS leverer landstraum til skip ved kai, noko som reduserer støy og luftforureining. Plug AS driv Europas største landstraumanlegg i Bergen og har òg anlegg i Harstad, Hadsel, Rubbestadneset, Ålesund og Montrose (Skottland). Fleire anlegg er under planlegging både nasjonalt og internasjonalt.

Utfordringa

Plug leverer landstraum til fartøy og treng eit system som lar dei overvake og kontrollere operasjonane sine.

Vår løysing: Plug Insight

Applikasjonen som er utvikla for Plug gir moglegheit til å:

  • overvake anløp med landstraum i sanntid og gjennom historiske data
  • halde oversikt over driftsstatus på anlegga
  • vise anlegg og fartøy i sanntidskart
  • motta varslingar om alarmar
  • berekne og sende fakturagrunnlag

Plug Insight tilpassar brukaropplevinga og innhaldet i systemet avhengig av kven som loggar inn: Plugs eigne interne brukarar eller eksterne brukarar som reiarlag, fartøy, hamnevakt eller elektrikar.

Ilder har fokus på å forstå hvilke behov vi som brukere har. Resultatet er Plug Insight, en software som er første stoppested for alle mine øyeblikks behov.
Bengt Vestvik-Bruknapp
Teknisk drift | Plug AS

Smelte saman det verkelege og det virtuelle

For å nå Plugs mål om ei skalerbar sanntids løysing for beslutningsstøtte, er det integrert med industrielt utstyr for å sikre ei rik brukaroppleving. Kartet – ein avgjerande del av løysinga – gjer det mogleg å samhandle dagleg med abstrakt elektrisk utstyr.

Plugs sanntids-widget

Saman med Plug er det utvikla det som internt blir kalla “widgets”. Desse hentar både historiske data og sanntidsdata, og viser enkelt forklart den miljøpåverknaden Plug har.

⁠De er laget for å brukes på visningskjermer i organisasjonen, på (responsive) nettsteder og kan enkelt bakest inn med <iframe>.