Kort om kunden:
Rocketfarm finn du i Sogndal. Dei er programvare-ekspertar for Universal Robots. Dei har erfaring med å utvikle URCaps for dei marknadsleiande cobotane frå Universal Robots. Rocketfarm spesialiserer seg innan palleteringsprogramvare og OPC UA, og arbeidet deira er godkjent av Hydro, VG, DiFi og Universal Robots.

Utfordringen
Utforme eit visuelt språk som underbyggjer merkevara og produktet si 3D-eigenskap.
Løysinga
Rocketfarm har fått eit tett samarbeid med fagfolk som har bidrege til å utvikle eit sterkt visuelt språk med forklarande illustrasjonar. Nokre av illustrasjonane er laga for å bli brukt i deira Material UI-grensesnitt.
Brukaroppleving kan ofte tolkast som ein kombinasjon av kunst og handverk. Det krev innsikt i reglane for korleis eit brukargrensesnitt skal setjast opp og utformast for å skape ei behageleg og effektiv oppleving av systemet.
I tillegg er det viktig å ta omsyn til både merkevara og det visuelle estetiske uttrykket som møter brukaren.


Ønsker du hjelp til å bygge en god brukeropplevelse?
Ta kontakt for en uforpliktende prat