Frå innsikt til løysing
Hos Ilder kombinerer me teknologisk ekspertise, smidige prosessar og brukarsentrert design for å utvikle løysingar som skaper reell verdi. Me jobbar tett med deg for å forstå behov og mål, og sikrar gjennomarbeidde løysingar som reduserer risiko og gir resultat.
Me tilpassar oss deg
Uansett om dåke har eigne IT-ressursar eller lite erfaring med teknologi, legg me opp team og prosess som passar til behova dine.
Me set saman tverrfaglege team som jobbar tett med deg – frå planlegging til ferdig løysing. Enten det handlar om kjerneprogramvare, digitale produkt for sluttbrukarar eller komplekse integrasjonar, sørgjer me for ein framdrift som fungerer for di bedrift.
Hos Ilder får du ein partner som tar eigarskap til utfordringane dine, gir råd undervegs og leverer løysingar som skapar resultat.
Innsiktsfase: Trygg start, gode resultat
Før me går i gang med utvikling, startar me ofte med ein innsiktsfase eller forprosjekt. Dette gir oss moglegheita til å:
- Kartleggje dine behov og utfordringar.
- Utforske og visualisere løysingsalternativ.
- Lage ein plan for gjennomføring som tar høgde for risiko og usikkerheit.
For deg som kunde gir innsiktsfasen eit konkret grunnlag å ta avgjersler på – og du står fritt til å avgjere om du vil gå vidare. På denne måten sikrar me at både tid og ressursar blir brukt på rett måte frå starten av.
Drift og vidare samarbeid
Ei god løysing treng vedlikehald for å halde seg robust og oppdatert. Me tilbyr fleksible driftsavtalar som gir deg tryggleik og stabilitet over tid. Dette inkluderer:
- Overvaking og vedlikehald av systema dine.
- Regelmessige oppdateringar for å sikre at løysinga er trygg og i tråd med ny teknologi.
- Rask support dersom utfordringar skulle oppstå.
Med ein driftsavtale hos oss kan du fokusere på kjerneverksemda di, medan me tek oss av teknologien.
Vår prosess: 5 steg til suksess
1. Behov og målsetjing:
Me startar med å forstå måla dine og identifisere utfordringane som må løysast.
2. Innsikt og design:
Gjennom utforsking og prototyping legg me grunnlaget for ein brukarvennleg løysing.

3. Utvikling:
Me byggjer og testar funksjonalitet kontinuerleg, slik at du alltid er oppdatert på framgangen.

4. Levering:
Med grundig kvalitetssikring sørgjer me for at løysinga oppfyller høgaste standardar.
5. Forbetring og gjentaking:
Basert på tilbakemeldingar tilpassar og utviklar me vidare for å møte nye behov.
Din teknologi, vår ekspertise
Gjennom solid innsikt og tett samarbeid hjelper me deg med å realisere prosjektet ditt. Med vår innsiktsfokuserte og smidige tilnærming reduserer me risikoen og sikrar resultat som varer.